The Landscape rooms. Majestic. Magical. Mystified.

Landskapsromma

Majestetisk. Magisk. Mystisk.

Sju små kubar på stylter, med glasvegger som gir eit makelaust utsyn mot dalen, elva, tunet eller den dramatiske elva som renn forbi. Velkomen til prisvinnande arkitektur på Juvet.

  • Dobbeltseng
  • Dusj
  • WiFi
  • Frukost inkludert
  • 3700,- NOK*

Alle landskapsromma har éin eller to vegger av berre glas. Kvart rom er nøye plassert i landskapet, slik at det får sitt eige, eksklusive utsyn mot eit landskap som forandrar seg med årstida, vêret og tida på dagen. Ingen av romma har utsyn mot kvarandre, dei er skjerma og private sjølv om gardiner ikkje høyrer heime her.

Romma kjennest like store som landskapet utanfor. Ingen av dei er like, men alle har eit mørkt og dempa interiør som ikkje stel merksemd frå naturen der utanfor. Bortsett frå det vesle badet, då. Der skin sola sjølv midt på vinteren.

Pris for overnatting i landskapsromma

  • Landskapsrom med frukost for to personar3 700 NOK
  • Landskapsrom med frukost for éin person3 100 NOK
  • Ekstraseng med frukost 2–14 år750 NOK
  • Ekstraseng med frukost vaksen1250 NOK
  • Treretters middag per person695 NOK

* Pris for to personar per natt inkludert frukost.
Prisane er per natt og gjeld heile året.
Når det gjeld overnatting i helgane, må du booke heile helga frå fredag til søndag.

Ting du kan gjere på Juvet

  • På vatnet
  • På ski
  • På fottur
  • Klatring
  • Utforsking av fjordlandskapet

Korte dagsturar og rundturar – du treng ikkje å dra langt. Det er eit spennande område å utforske, og eventyret ligg og ventar på deg rett utanfor dørstokken på Juvet.