Konferanserommet har alt nødvendig moderne AV-utstyr, og det kan brukast som møterom, kurslokale og treffstad for andre typar samkomer for 2–20 personar.
Bygninga har eit golvareal på 60 kvadratmeter og ein heilt spesiell himling over seg. Takhøgda er på nesten fire meter, og det er som det tre tonn tunge glastaket slepp heile himmelen ned gjennom eit fascinerande nettverk av tjukke bjelkar i limtre.
Dette rommet er det fjerde prosjektet i serien med eksperimentell arkitektur på Juvet, og det utfyller bygningsmiljøet med dei frittståande hotellromma, badehuset ved elva og fuglehusa i skråninga ovanfor låvebygninga.
Vi er del av nettverket Ærli - Norges fineste steder. Ærli leverer skreddersydd opphold og opplevelser for teams og bedrifter til destinasjoner som er skapt på stedets premisser, og drevet av lokale gründere med mål om en ny form for reiseliv.