
Maten
Lokale råvarer. Global anerkjenning.
Smaken av dalen, elva og skogen. På Juvet lèt vi naturen setje premissane – med råvarer frå nærområdet og rettar som følgjer årstidene si stille rytme.

Juvet Landskapshotell er tildelt ein Michelin Key.
Michelin-guiden har i over hundre år vore eit kvalitetsstempel for dei fremste restaurantane i verda. No løftar dei òg fram hotell som tilbyr heilt særlege opplevingar. Michelin Key vert tildelt hotell som skil seg ut gjennom arkitektur, atmosfære, service og heilskapleg oppleving.
For oss er denne utmerkinga ei stadfesting av det vi arbeider for kvar dag: å skape eit stille møte mellom menneske og natur. Eit opphald på Juvet handlar ikkje berre om komfort, men om ro, nærvær og arkitektur som spelar på lag med landskapet.
Michelin Key er ei internasjonal anerkjenning. For Juvet er det først og fremst ei påminning om å halde fram med å gjere det vi trur på – å la naturen vere hovudrolla.
Ei naturleg kulinarisk oppleving






Frå piknik i åssida til brunsj på fjelltoppar, utendørs “kôk” ved elvebredda eller bankettar på låven – kvart eit måltid lagd av våre erfarne kokker er ei unik og minneverdig oppleving.
Utsøkte lokale råvarer
Vår kjøkkensjef er lidenskapeleg opptatt av å bruke lokale råvarer for å gje gjestane ei rikhaldig samling av kortreiste og lokale smakar. Vi hentar det meste av ingrediensane frå lokale gardar og produsentar i vårt område, og tilbyr tilpassa menyar til ei kvar anledning og sesong.
Restauranten vår ligg i den gamle låven med ein nydeleg terrasse mot elva og dalen.
Frukost 8:30-10:00
Vi startar dagen med godt brød. Vi serverer ikkje ein overdådig variasjon av pålegg, men du får alltid fersklaga syltetøy på brødet eller i frukostblandinga, heimelaga eggerøre og røykelaks slik vi alltid har laga det her. I tillegg til nytrekt kaffi frå Jacu og te, står også eplejus pressa av eple frå hagane i dalen på bordet.
Lunsj
Gjestene våre er alltid på farten, anten på veg til eit nytt reisemål eller ut på eventyr. Derfor serverer vi vanlegvis ikkje lunsj, men vi gir deg gjerne råd om kvar du kan ete eit godt måltid. Sjølvsagt kan du smørje med deg matpakke under frukosten, og vi sender gjerne med deg ein termos med varm drikke om du ønskjer.
Middag 19:30
Middagen blir servert ved langbordet i fjøsen, og samtalen går ofte høgt ved bordet. Mange av gjestene kjem langvegsfrå og har reist og sett mykje. Då er det godt å samlast over eit godt måltid. Sjølv om vi kjem frå forskjellige land og ulike kulturar, finn vi tonen og har mykje å snakke om.




