Juvet mountains 3x

Undrar du på Korleis reise hit?

Juvet Landskapshotell ligg på nordvestkysten av Noreg, i ei grend i Valldalen om lag 90 minutt med bil frå kystbyen Ålesund. Hotellet ligg ved den kjende og vakre delen av Nasjonale Turistveger som går mellom verdsarvområdet Geirangerfjorden og den dramatiske vegstrekninga Trollstigen. Sjå i Google Maps.

Ta flyet

Frå fleire internasjonale flyplassar går det direktefly til Ålesund lufthamn Vigra (AES), i tillegg til daglege flyavgangar frå dei største byane i Noreg.

Flyg du til Vigra, rår vi deg til å leige bil og køyre til Juvet sjølv (100 km). Då står du friare til å utforske området på din måte. Dersom du ønskjer det, kan vi ordne transport for deg. Det kostar fra 3300 NOK kvar veg.

Ta toget

Om sommaren kan du ta toget til Åndalsnes og køyre Trollstigen* til Juvet. På Åndalsnes kan du enten leige ein bil, ta bussen (berre om sommaren) eller ta ein taxi.

Frå Åndalsnes til Juvet tar det 45 minutt å køyre (40 km) når Trollstigen er open frå slutten av mai til slutten av oktober. Når Trollstigen er vinterstengd, går køyreturen via Sjøholt, 1t 45min (125 km). Oppdatert informasjon om vinterstenging ligg på nettsidene til Vegvesenet: www.vegvesen.no

Der går to daglege avgangar med buss frå Åndalsnes mot Geiranger frå midten av juni til midten av august. Dei passerer rett ved hotellet. (Gå av ved Gudbrandsjuvet.) Meir informasjon om rutetider ligg på www.frammr.no

Åndalsnes Taxi: Tlf +47 71 22 15 55
Valldal Taxi: Tlf +47 90 90 62 10

Ta bilen

Fleire vegar fører til Juvet dersom du kjem med bil – alt etter kvar du kjem frå. Her er nokre døme:

Oslo – Juvet
Oslo–Dombås–Åndalsnes–Trollstigen*–Juvet: 480 km / 7 timar

Oslo – Geiranger – Juvet
Oslo–Otta–Geiranger–Eidsdal–Linge–Juvet: 500 km / 8 timar / 1 ferje

Trondheim – Juvet
Trondheim–Dombås–Åndalsnes–Trollstigen*–Juvet: 330 km / 4,5 timar

Bergen – Juvet
Bergen–Førde–Stryn–Hellesylt–Stranda–Liabygda–Valldal–Juvet: 410 km / 7,5 timar / 2 ferjer

Molde – Åndalsnes – Juvet
Molde–Åndalsnes–Trollstigen*–Juvet: 97 km / 2 timar

Molde – Vestnes – Juvet
Molde–Vestnes–Sjøholt–Valldal–Juvet: 100 km / 2,5 timar / 1 ferje

Ålesund – Juvet
Ålesund–Sjøholt–Valldal–Juvet: 100 km / 1,5 time

* Trollstigen er stengd om vinteren.