Juvet landskapshotell ligg på nordvestkysten av Noreg, i ei grend i Valldalen om lag 90 minutt med bil frå kystbyen Ålesund. Hotellet ligg ved den kjende og vakre nasjonale turistvegen som går mellom verdsarvområdet Geirangerfjorden og den dramatiske vegstrekninga Trollstigen.
Som eit av dei mest særprega hotella i Noreg legg vi til rette for eineståande opplevingar både for firma og individuelle gjester – om det gjeld styremøte, tankesmier, strategiseseminar eller leiarsamlingar, eller feiring av små bryllaup og åremålsdagar.