Fuglehusa

Fri som fuglen

Dei to fuglehusa minner oss om kor lite vi eigentleg treng for å ha det bra. Dei er bygde etter minimalistiske prinsipp, og er konstruerte på same viset som dei tradisjonelle norske stabbura ein tidlegare brukte til å lagre mat i. Bygningane liknar små fuglehus som er plasserte med omtanke i skråninga ovanfor dei andre landskapsromma.

  • Dobbeltseng
  • Wifi
  • Frukost inkludert
  • Frå 1 950,- NOK

Fuglehusa er ikkje større enn åtte kvadratmeter, men inneheld ei komfortabel seng, ein liten sofabenk og eit toalett. Interiøret er lyst og behageleg. Dei store vindauga slepper naturen inn, mens mindre vindauge gir oss små, overraskande glimt av verda utanfor. Frå senga kan du kikke ut mot fjellet som berre er nokre centimeter unna. Du er så nær naturen at du kan studere korleis graset gror.

Fuglehusa er opphavleg bygde for berre éin person, men senga er stor nok til å romme to, så det går fint å bu to personar her. Romma har eit ørlite bad med kun ein liten hand-dusj, til gjengjeld er badehuset ope heile døgnet.

Fuglehusa

Prisar for overnatting

For overnatting i helgedagane, må du booke heile helga frå fredag til søndag. Prisane er per natt og gjeld heile året.

  • Fuglehus med frukost for éin person 1 950 NOK
  • Fuglehus med frukost for to personar 2 700 NOK
  • Treretters middag per person 700 NOK
Når du er her

Ting du kan gjere på

Korte dagsturar og rundturar – du treng ikkje å dra langt. Det er eit spennande område å utforske, og eventyret ligg og ventar på deg rett utanfor dørstokken på Juvet.