• Bathhouse001 3x
  • Bathhouse002 3x
  • Bathhouse003 3x
  • Bathhouse004 3x
  • Bathhouse005 3x

Badehuset Er du i tvil ta ein dukkert.

Badehuset er ei roleg og forfriskande spa-avdeling som er bygd inn ved elvebreidda, usynleg frå tunet, men berre nokre få steg unna.

Dusj
Wifi
Kjøkkenkrok
Dampsauna
Badestamp
Stillerom

Det er kjærkome å finne roa her etter ein tur på ski eller til fots – eller etter ei lang reise. Sjølve spa-avdelinga er i mørk betong, men dei små romma er måla i vakre fargar som forsterkar kjensla av å vere i ei grotte.

Fasaden er ei 15 meter lang glasplate som vaktar over elva der ho buktar seg forbi Juvet. Det er som om elva helsar på oss på sin veg mot fjorden 15 kilometer lengre nede.

Ønskjer du å bruke badehuset, er det ope fra kl 12:00 til 20:00. Dessverre er verken badehuset eller dei andre fasilitetane på Juvet opne for andre enn hotellgjestene.