Informasjonskapslar og personvern

Personleg informasjon og personvern

Personleg informasjon er informasjon som kan knytast til ein verkeleg person, slik som namn, bustadsadresse, telefonnummer, e-post-adresse og yrkestittel. Vi handterer persondata heilt i tråd med norsk lov, medrekna personopplysningslova og personvernforordninga.

Informasjonskapslar på nettsidene våre

Til liks med kundane våre opplever vi at *popup-vinduer og banner, der du kryssar av kva informasjonskapslar du vil ha og ikkje ønskjer, er forstyrrande og nokre gonger forvirrande. Derfor har vi valt å fjerne alle unødvendige informasjonskapslar frå nettsida.

Betyr det at vi ikkje bruker informasjonskapslar i det heile?

Nei. Publiseringsverktøyet vårt (Craft CMS) krev bruk av informasjonskapslar i kjernefunksjonaliteten knytt til tryggleik. Vi har vurdert desse som nødvendige, og dei blir derfor lagra utan førehandssamtykke.

Betyr dette at besøket ditt ikkje vil bli sporet?

Nei. Vi sporar framleis besøk på nettstaden vår. Dette gjer vi for å læra meir om korleis nettsida blir brukt og korleis vi kan gjera den betre. MEN vi sporar ikkje kven du er.

Vi har valt å bruke sporingsverktøyet Fathom som er i tråd med nasjonal og internasjonal personvernlovgiving (GDPR, ePrivacy, CCPA og PECR). Dette verktøyet sporar berre kva du gjer på nettstaden. Ikkje kven du er eller kva du gjer andre stader. Den deler heller ikkje data med andre nettstader eller tenester. Dette betyr at du kan surfa trygt og anonymt på nettsida vår.

Informasjonskapslar i bookingløysinga

Ver merksam på at vår bookingteneste blir handtert av Visbook.com som nyttar informasjonskapslar i bookingløysinga. Desse blir du bede om å akseptera eller slå av når du blir vidaresend til nettsida deira.

Eg vil ikkje ha informasjonskapslar!

Så slå dei av. Du kan stille inn nettlesaren din slik at dei nettsidene du liker, får lagre informasjonskapslar på maskina di. Du bør søkje opp "disable cookies" på Duck Duck Go for å finne ut korleis du gjer dette i nettlesaren din.