Skrivarstova er eit «chalet» på 70 kvm og inneheld to soverom med plass til fire personar, stove, kjøkken og ein koseleg uteplass mot skogen. Kvart vindauge er som eit landskapsmåleri, med utsikt mot dalen, elva og fjella – eller mot skogen med bjørk og furu og ein nydeleg skogbotn med mose og blåbærlyng.
Skrivarstova er staden for dei som ønskjer å kome seg bort frå kvardagen ei stund, enten for å skrive noko, komponere musikk eller kunst, eller ganske enkelt kople av frå ein travel kvardag.
Skrivarstova har eige kjøkken, så gjestene kan velje om dei vil lage maten sjølv eller ete frukost og middag i fjøsen saman med dei andre gjestene. (Merk at det ikkje er mogleg å bruke kjøkkenet til matlaging akkurat no under koronapandemien.)
Skrivarstova har to soverom, eitt med dobbeltseng og eitt med to enkeltsenger.
Skrivarstova kan berre bookast for minimum to døgn.
Skrivarstova kan berre bookast for minimum 2 døgn. Prisane er per natt og gjeld heile året.
Korte dagsturar og rundturar – du treng ikkje å dra langt. Det er eit spennande område å utforske, og eventyret ligg og ventar på deg rett utanfor dørstokken på Juvet.