Ulikt alt anna Opplev Juvet

Unn deg ei flukt frå kvardagen. Omgitt av urørt landskap. Luft sjela og koble deg til naturen. Føl tid og rom på eigne premissar.

I bjørkeskogen – mellom ei frådande elv og høge fjell – ligg Juvet Landskapshotell. Hotellet har 24 senger, og er eit kontrastfylt møte mellom framragande kulturlandskap og nyskapande arkitektur.

Hotellet er bygd ut frå ønskje om å gjere minst mogelege inngrep i naturen. I løpet av dei 13 åra sidan åpninga i 2010, har Juvet vunne fleire arkitekturprisar og fått brei internasjonal dekning i media.

Hotellet består av sju unike og minimalistiske landskapsrom, to mindre «fuglehus» og den store «Skrivarstua» med 4 sengeplassar. Noen meter frå elvebredda – bak ein stor glassvegg – ligg badehuset med dampbad og fleire badstover. Midt på den fredfylte sletta finn du seremonirommet/konferanserommet med panorama skue utover elva og dalen.

Skjulte perler
Rundt om på eigedomen til hotellet kan du finne små hytter og kulpar; kor du kan nyte ein morgondukkert, ta med ei piknikkorg, eller berre meditere medan du ser vatnet i elva fare forbi.

Koble deg på naturen Meir enn berre ein vakker stad

  • Fotokred Vegard Lødøen 2
  • 534 A0103
  • 04 winter jpg OBJECT ID64 A00186 F3 FB47 C9 B68 FCEF18 B9544 CD jpg
  • Tafjorden Valldal kayakk Foto cred Magnus R Furset
  • Activities fjord 3x
  • 534 A0069

Noko for alle
For den eventyrhugne har vi alt frå rafting og juving til offpiste skikøyring. For dei som likar naturopplevingar finst det fotturar i alle katagoriar, eller kanskje ein tur i klatreparken med klatring og ziplining, freistar. Hotellet ligg ved den kjente og naturskjønne nasjonale turistvegen som går mellom verdsarvområdet Geirangerfjorden og den dramatiske vegstrekninga Trollstigen.

På hotellet sin eigendom kan du slappe av i boblebadet med utsikt over elva, eller roe ned i dampbadstovene. Konferanserommet med sin arkitektoniske prakt kan vere den perfekte ramma for seremoniar og samankomstar, men kan og fungere som leikerom for barn eller heimekino. Ta med ei bok frå biblioteket i fjøset og finn ein avsides stad på eigedomen for ei privat stille stund.

Med overflod av aktivitetar og attraksjonar i nærleiken, er vi stolt av å sørge for at du har alt du treng for å få mest mogeleg ut av tida di hos oss


Mat & drikke Ei naturleg kulinarisk oppleving

Bilde av
Bilde av
Bilde av
Bilde av
Bilde av
Bilde av

Frå piknik i åssida til brunsj på fjelltoppar, utendørs “kôk” ved elvebredda eller bankettar på låven – kvart eit måltid lagd av våre erfarne kokker er ei unik og minneverdig oppleving.

Utsøkte lokale råvarer
Vår kjøkkensjef er lidenskapeleg opptatt av å bruke lokale råvarer for å gje gjestane ei rikhaldig samling av kortreiste og lokale smakar. Vi hentar det meste av ingrediensane frå lokale gardar og produsentar i vårt område, og tilbyr tilpassa menyar til ei kvar anledning og sesong. Uavhengig av dine preferansar og krav – både vegansk, halal og kosher – kvar ei munnfull vert lagd for å vere ei uforgløymeleg sanseoppleving.

Restauranten vår ligg i den gamle låven med ein nydeleg terrasse mot elva og dalen.


Eksklusivt Og berre ditt

0a851db26393c07202927b04f3501a78

Den perfekte tilfluktstaden for eit ekslusivt opphold for familie, vener eller kolleger. Ein mogelegheit for deg som ser på naturen som ein luksus, og som set pris på moderne arkitektur bygd på berekraftige prinsipp, og som leiter etter ein stad for sjelefred. Ein roleg stad for fokus og ettertanke, utforske nye mogelegheiter – og idéer kan blomstre.

Reserver heile hotellet og opplev Juvet eksklusivt på dine eigne premissar.

Reservering av heile hotellet