Landskapsromma

Alle landskapsromma har ein eller to vegger av berre glas. Kvart rom er nøye plassert i landskapet, slik at det får sitt eige, eksklusive utsyn mot eit landskap som forandrar seg med årstida, vêret og tida på dagen. Ingen av romma har utsyn mot kvarandre, dei er skjerma og private sjølv om gardiner ikkje høyrer heime her.
- Dobbeltseng (180x200cm)
- Bad med dusj
- Frokost og 3-retters middag inkludert



Fuglehusa

Fuglehusa er ikkje større enn åtte kvadratmeter, men inneheld ei komfortabel seng, ein liten sofabenk og eit toalett. Interiøret er lyst og behageleg. Dei store vindauga slepp naturen inn, mens mindre vindauge gir oss små, overraskande glimt av verda utanfor. Frå senga kan du kike ut mot fjellet som berre er nokre centimeter unna. Du er så nær naturen at du kan studere korleis graset gror.
- Dobbeltseng (160x200cm)
- Frokost og 3-retters middag inkludert



Skrivarstova

Skrivarstova er staden for dei som ønskjer å kome seg bort frå kvardagen ei stund, enten for å skrive noko, komponere musikk eller kunst, eller ganske enkelt kople av frå ein travel kvardag.Skrivarstova har to soverom, eitt med dobbelseng og eitt med to enkelsenger. Skrivarstova kan berre bookast for minimum to døgn.
- 2 Soverom
- - Dobbeltseng (160x200cm)
- - 2x enkelt senger (90x200cm)
- Bad med dusj
- Wifi og Lyd/Audio
- Kjøkken
- Frokost og 3-retters middag inkludert



Juvet Landskapshotell
Unn deg ei flukt frå kvardagen. Omgitt av urørt landskap. Luft sjela og koble deg til naturen. Føl tid og rom på eigne premissar.
Ting du kan gjere på
Korte dagsturar og rundturar du treng ikkje å dra langt. Det er eit spennande område å utforske, og eventyret ligg og ventar på deg rett utanfor dørstokken på Juvet.





