For overnatting i helgedagane, tek vi berre imot bestillingar for heile helga frå fredag til søndag. Prisane er for éi natt og gjeld heile året.
* Ekstraseng er berre mogleg i landskapsromma
Juvet er ope alle dagar frå slutten av februar til slutten av november kvart år. Med andre ord held vi stengt i desember, januar og dei tre første vekene av februar.
Kontakt oss for pristilbod dersom du ønskjer å arrangere ei bedriftssamling eller ei anna spesiell hending.
Dersom du må avbestille opphaldet, vil vi vite om det fire veker på førehand. Dersom du avbestiller seinare enn fire veker før, må du betale halvparten av totalsummen. Avbestiller du opphaldet seinare enn to veker før, må du betale heile summen.
Vi elskar dyr, men tillèt ikkje kjæledyr på romma.