Informasjonskapslar og personvern

Vi er dei gode.
Vi sporar dykk ikkje.

Personleg informasjon og personvern

Personleg informasjon er informasjon som kan knytast til ein verkeleg person, slik som namn, bustadsadresse, telefonnummer, e-post-adresse og yrkestittel. Vi handterer persondata heilt i tråd med norsk lov, medrekna personopplysningslova og personvernforordninga.

Ja, vi bruker Google Analytics

Vi samlar statistikk om korleis nettstaden blir brukt, slik at vi veit kva sider vi skal konsentrere oss om, kva sider vi bør forbetre, og kva sider vi kan slette. Google Analytics bruker informasjonskapslar som startar med _ga. Vi har slått på «anonymiser IP»-funksjonen slik at IP-adressa di ikkje blir lagra hos Google.

Eg vil ikkje ha informasjonskapslar!

Så slå dei av. Du kan stille inn nettlesaren din slik at dei nettsidene du liker, får lagre informasjonskapslar på maskina di. Du bør søkje opp "disable cookies" på Duck Duck Go for å finne ut korleis du gjer dette i nettlesaren din.