• Birdhouse003 3x
  • Birdhouse004 3x
  • Birdhouse005 3x
  • Birdhouse007 3x

Fuglehusa Fri som fuglen

Dei to fuglehusa minner oss om kor lite vi eigentleg treng for å ha det bra. Dei er bygde etter minimalistiske prinsipp, og er konstruerte på same viset som dei tradisjonelle norske stabbura ein tidlegare brukte til å lagre mat i. Bygningane liknar små fuglehus og er plassert med omtanke i skråninga ovanfor dei andre landskapsromma.

Fuglehusa er ikkje større enn åtte kvadratmeter, men inneheld ei komfortabel seng, ein liten sofabenk og eit toalett. Interiøret er lyst og behageleg. Dei store vindauga slepp naturen inn, mens mindre vindauge gir oss små, overraskande glimt av verda utanfor. Frå senga kan du kike ut mot fjellet som berre er nokre centimeter unna. Du er så nær naturen at du kan studere korleis graset gror.

Fuglehusa er opphavleg bygde for berre ein person, men senga er stor nok til å romme to, så det går fint å bu to personar her. Romma har eit ørlite bad med kun ein liten hand-dusj, til gjengjeld er badehuset ope heile døgnet.

Bilde av
Bilde av
Bilde av

Dobbeltseng
Frokost inkludert
3-retters middag inkludert

Bestill ditt opphald i dag
Opplev det mektige norske landskapet på nært hald, med ei rekke utandørsaktivitetar, inkludert fotturar, klatring og elvesport. Eller berre slapp og nyt badehuset vårt – mediter medan du ser elva flyte eller fosse (haste) forbi. Du kan og ta med ei bok frå biblioteket i låvehuset og finne deg ein avsondra stad på eigedomen for ei stille privat stund..

Reservasjon og tilgjengelegheit
Bilde av
Bilde av
Bilde av

Når du er her Ting du kan gjere på

Korte dagsturar og rundturar du treng ikkje å dra langt. Det er eit spennande område å utforske, og eventyret ligg og ventar på deg rett utanfor dørstokken på Juvet.

Ingenting