Activity hero001 3x

Aktivitetar Kjenn vegen. Og gå vegen.

Korte dagsturar og rundturar – du treng ikkje å dra langt. Der er mykje å oppleve i nærområdet, og det er skjulte perler rett utanfor døra når du bur på Juvet.

På vatnet

Activities water 3x

Fryd deg over ein forfriskande og fartsfylt raftetur på elva, nyt stilla på fjorden i kajakk eller prøv deg på juving, ei fantastisk naturoppleving i spektakulær natur.

Rafting på Valldøla
Kajakk på Tafjorden
Juving fra Gudbrandsjuvet

På skitur

Activities ski 3x

Landskapet i området er variert og byr på alle slags fjelltoppar og fjelltypar – frå blankskurte bergnabbar ved fjorden til steile tindar og bratte fjellsider ved Trollstigen og innover mot Tafjorden.

Skiturar
På tur med truger

På fottur

Activities hiking 3x

Området er eit eldorado av fjelltoppar som tek pusten frå deg, med gamle fjordgardar og spektakulære utsiktspunkt. Friluftsopplevingane står i kø for den som vil, og det finst turar for alle aldrar og alle nivå.

Fjellturer

Klatring

Activities climb 3x

Det er fleire fantastiske klatrefelt i området – med ulik vanskegrad. Berre eit par kilometer frå Juvet ligg ein klatrepark med fleire klatreruter på totalt over 1400 meter.

Klatreparken

Rundturar

Activities fjord 3x

Unesco-fjordane Tafjorden og Geirangerfjorden er mindre enn ein times biltur unna. Du kan oppleve dei frå vegen, frå stiar i fjellet og frå båt på fjorden. Som ein ekstrabonus ligg den fantastiske fjellstrekninga Trollstigen berre 25 bilminutt unna.

Geirangerfjord
Tafjord
Trollstigen