Vilkår og betingelser

Booking

Du kan booke på vår web-booking. Berre trykk på «Booking»-knappen, eller send ein e-post til post@juvet.com.

Ønskjer du å overnatte i helgedagane, tek vi berre imot bestillingar for heile helga frå fredag til søndag.

Kontakt oss for pristilbod dersom du ønskjer å arrangere ei bedriftssamling eller ei anna spesiell hending.

Opningstider

Juvet er ope alle dagar frå og med veke 9 til slutten av november kvart år. Med andre ord held vi stengt i desember, januar og februar.

Innsjekking frå kl. 15:00 og utsjekking innan kl. 11:00

Kansellering

Du kan fritt kansellere eller endre opphaldet fram til 28 dagar før datoen for når opphaldet skal starte.

Dersom du kansellerer eller endrar reservasjonen frå 28 til 14 dager før, belastar vi deg 50 prosent av prisen for opphaldet.
Kansellerer eller endrar du reservasjonen seinare enn 14 dagar før, blir du belasta med 100 prosent av prisen for opphaldet.

Betingelser for gruppebestillingar (frå 4 rom til heile hotellet)

Full refusjon av opphaldet fram til 60 dagar før planlagd framkomst.

Ved kansellering mellom 60 til 30 dagar før planlagd framkomst: 50 prosent av avtalt pris.

Ved kansellering seinare enn 30 dagar før planlagd framkomst: 100 prosent av avtalt pris.


Betalingsbetingelsar

Vi tek atterhald om prisendringar som følgje av auka kostnader på innkjøp, tenester, valuta, auka skattar og avgifter eller andre forhold som er styrte av eksterne partar.

Vi ønskjer å vere kontantfrie og oppfordrar gjestene våre til å bruke elektroniske betalingsløysingar.

Vi oppfordrar gjestene våre til å betale med kredittkort. Bankterminal er tilgjengeleg, og hotellet aksepterer MasterCard, Visa og American Express. Vi aksepterer berre norsk valuta – NOK – ved kontant oppgjer.

Vi tek atterhald om at vi kan krevje førehandsbetaling.

Landskapsromma Priser 2024

Landskapsrom halvpensjon for 2 personar 6 800 kr
Landskapsrom halvpensjon for 1 person 5 200 kr
Ekstraseng med halvpensjon vaksen 2 200 kr
Ekstraseng med frokost 4 - 12 år 900 kr
For overnatting i helgedagane, må du booke heile helga frå fredag til søndag. Prisane er per natt med frukost og middag. Informasjon om barne-menyer på forespørsel.

Fuglehusa Priser 2024

Fuglehus halvpensjon for 1 person 3 300 kr
Fuglehus halvpensjon for 2 personer 4 700 kr
For overnatting i helgedagane, må du booke heile helga frå fredag til søndag. Prisane er per natt med frukost og middag.

Skrivarstova Priser 2024

Skrivarstova inkl. halvpensjon for ein person 6 900 kr
Skrivarstova inkl. halvpensjon for to personar 8 200 kr
Skrivarstova inkl. halvpensjon for tre personar 9 900 kr
Skrivarstova inkl. halvpensjon for fire personar 11 600 kr
Skrivarstova kan berre bookast for minimum 2 døgn. Prisane er per natt inkl. frokost og middag.

Måltid

Vi serverer 3-rettars middag kvar kveld kl. 19:30. Vi har berre kapasitet til å servere gjester som bur på hotellet.

Du må opplyse om eventuelle allergiar og diettar når du bestiller.

Frukost serverer vi kl. 08:30–10:00.

Vi serverer ikkje lunsj på hotellet, men det er mogleg å smørje seg nistepakke og fylle termosen under frukosten.

Kjæledyr

Vi elskar dyr, men tillét ikkje kjæledyr på romma.


Generell kontakt informasjon

Juvet Landscape Hotel
Alstad 246210 Valldal
Noreg

Telefon: +47 950 32 010 (ikkje for booking)
E-post: post@juvet.com