Konferanserommet

Kultur et strategi til frukost.

Konferanserommet har alt nødvendig moderne AV-utstyr, og det kan brukast som møterom, kurslokale og treffstad for andre typar samkomer for 2–20 personar.

  • Projektor
  • TV
  • Audio
  • WiFi
  • Kjøkkenkrok

Bygninga har eit golvareal på 60 kvadratmeter og ein heilt spesiell himling over seg. Takhøgda er på nesten fire meter, og det er som det tre tonn tunge glastaket slepper heile himmelen ned gjennom eit fascinerande nettverk av tjukke bjelkar i limtre.

Dette rommet er det fjerde prosjektet i serien med eksperimentell arkitektur på Juvet, og det utfyller bygningsmiljøet med dei frittståande hotellromma, badehuset ved elva og fuglehusa i skråninga ovanfor låvebygningen.