Badehuset

Er du i tvil
– ta ein dukkert.

Badehuset er ei roleg og forfriskande spa-avdeling som er bygd inn elvebreidda, usynleg frå tunet, men berre nokre få steg unna.

  • Dampsauna
  • Badestamp
  • Stillerom
  • Dusjar
  • Kjøkkenkrok

Det er kjærkome å finne roa her etter ein tur på ski eller til fots – eller etter ei lang reise. Sjølve spa-avdelinga er i mørk betong, men dei små romma er måla i vakre fargar som forsterkar kjensla av å vere i ei grotte.

Fasaden er ei 15 meter lang glasplate som vaktar over elva der ho buktar seg forbi Juvet. Det er som om elva helsar på oss på sin veg mot fjorden 15 kilometer lenger nede.

Badehuset er ope for gjestene våre døgnet rundt. Dessverre er verken badehuset eller dei andre fasilitetane på Juvet opne for gjester på dagsbesøk.