Låven

Den gode samtalen startar med eit godt måltid.

Den hundre år gamle driftsbygningen i Burtigarden er restaurert og ombygd så dei gamle romma har fått nye funksjonar: Fjøsen er matstove og opphaldsrom med open peis, grisefjøsen er kjøkken, og den gamle høylåven er omgjord til ei utandørs avslappingssone.

  • Resepsjon
  • Kjøkken
  • Restaurant
  • Bibliotek

Frukost frå 09.00

Vi startar dagen med godt brød. Vi serverer ikkje ein overdådig variasjon av pålegg, men du får alltid fersklaga syltetøy på brødet eller i frukostblandinga, heimelaga eggerøre og røykelaks slik vi alltid har laga det her. I tillegg til nytrekt kaffi og te står også eplejus pressa av eple frå hagane i dalen på bordet.

Lunsj

Gjestene våre er alltid på farten, anten på veg til eit nytt reisemål eller ut på eventyr. Derfor serverer vi vanlegvis ikkje lunsj, men vi gir deg gjerne råd om kvar du kan ete eit godt måltid. Sjølvsagt kan du smørje med deg matpakke under frukosten, og vi sender gjerne med deg ein termos med varm drikke om du ønskjer.

Middag

Middagen blir servert ved langbordet i fjøsen, og samtalen går ofte høgt ved bordet. Mange av gjestene kjem langvegsfrå og har reist og sett mykje. Då er det godt å samlast over eit godt måltid. Sjølv om vi kjem frå forskjellige land og ulike kulturar, finn vi tonen og har mykje å snakke om.