Juvet Landskapshotell

Legg kvardagen bak deg.

Rom & Fasilitetar


Samlingar og treff på Juvet

Som eit av dei mest særprega hotella i Noreg legg vi til rette for eineståande opplevingar både for firma og individuelle gjester – om det gjeld styremøte, tankesmier, strategiseseminar eller leiarsamlingar, eller feiring av storslåtte bryllaup og åremålsdagar.

Fortel meg meir

I ein avkrok av ei utkantbygd
ein stad i utkant-Noreg

(Altså langt inni hutaheiti)

Juvet landskapshotell ligg på nordvestkysten av Noreg, i ei grend i Valldalen om lag 90 minutt med bil frå kystbyen Ålesund. Hotellet ligg ved den kjende og vakre nasjonale turistvegen som går mellom verdsarvområdet Geirangerfjorden og den dramatiske vegstrekninga Trollstigen.